Føresegner for Trøndelagskappleiken

Føresegner for Trøndelagskappleiken 
Vedtatt av styret i Trøndelag Folkemusikklag 3.juni 1998
Revidert 29. januar 2016

1 – Formål:
  Kappleiken er open for dansarar, kvedarar og spellmenn frå Trøndelagsfylka og skal bidra til styrking av folkemusikken og -dansen i Trøndelagsfylka.
  Formålet for tevlinga er
  – å gjera songen, musikken og dansen betre kjent
– å lage ein møtestad for både aktive og passive vener av norsk folkemusikk, -song og -dans
– å motivere dei aktive til å betre prestasjonane sine
– å styrke dei lokale tradisjonane i Trøndelagsfylka
2 – Klasseinndeling:
  På Trøndelagskappleiken er det til tevlingar i følgjande klasser:
    – vokal folkemusikk: solo
– spel på fele: solo, gruppe- og lagspel
– durspel: solo, gruppe- og lagspel
– gruppespel m/komp
– andre folkemusikkinstrument
– dans: solo, par- og lagdans
– open klasse
– nyskaping
Det kan opprettes gjesteklasse i alle klasser etter behov.
  Deltakarane i dans og spel solo blir delte inn i følgjande klasser:
  • Klasse A:
    For deltakarar som har kvalifisert seg til denne i henhold til FolkOrg. A-klassingar som ikkje har stilt opp på landskappleik i over 5 år, kan velje om dei deltek i klasse A eller B.
  • Klasse C:
    For deltakarar frå og med det året dei fyller 12 år til og med det året dei fyller 18 år. For dansarar i klasse C må minst ein av dansarane høyre til i denne klassa. Det vil si at i klasse C og rekrutt kan deltakarane danse med følge.
  • Klasse D:
    For deltakarar over 60 år. Deltakarar over 60 år kan velje om dei vil tevle i klasse D, eller om dei vil delta i den klassa dei tidlegare har delteke i. I dans klasse D har utøvaren høve til å danse med fylgje.
  • Rekruttklasse:
    For deltakarar under 12 år (til og med det året dei fyller 11 år). Desse deltakarane deltek utanom tevlingane, men får ei skriftleg uttale frå dommarane
  • Klasse B:
    Alle andre
  • Lagspel:
    Eit lag må ha minimum 5 spelemenn. Lagspelklassa er delt i junior- og seniorklasse. Leiar av junior- lag kan vere over 18 år. I seniorklassa er det inga aldersgrense.
  • Gruppespel:
    2-4 utøvarar, med fele eller durspel som einaste instrument, delt i junior- og seniorklasse.
  • Gruppespel m/komp:
    For gammeldansgrupper med fele eller durspel som berande instrument + komp.
  • Open klasse:
    Minimum 2 personer kan delta. Ingen begrensning på valg av instrument.
  • Dans:
    Paret blir dømt samla. Deltakarar frå klasse A og B som dansar saman, blir dømde i klasse B. Rett til å danse i klasse A gjeld berre den dansen som dansaren har to 1. premiar for i klasse B. Ein dansar har høve til å delta i same klassa opptil 2 gonger, men da med dansar av ulik karakter. Det kan av tidsmessige grunnar bli nødvendig å pålegge dansepar frå same tradisjonsområde å danse samstundes.
  • Lagdans:
    Minimum 5 par – maksimum 10 par for seniorlag. Det er inga aldersgrense for lagdans. Juniorlag kan stille med færre enn 5 par.
3 – Tevlingsnummer på Trøndelagskappleiken:
  Er dei eldste song-, spel- og danseformene det er tradisjon for i kvart distrikt.
  • I spel, solo og for grupper:
    Tevling etter vanleg kappleiksmodell. Utøvarane deltek med 2 slåttar, og dei skal leggje vinn på å syne rikdom i slåttetilfanget, og bør spela slåttar i ulik taktart eller med ulik karakter.
  • I lagspel:
    Tevling etter modellen for finalespel på Landsfestivalen i Gammaldansmusikk. Laga spelar 5 slåttar (evt. 4, dersom tida er knapp) til dans. I denne klassa kan det spelast både bygde- og gammaldansar. Minst 4 (evt. 3) skal vere dansemusikk, det vil seie at ein av slåttane t.d. kan vere marsj e.l.
Laga skal ha fele eller durspel som berande instrument. Laga tevlar i same klasse anten dei spelar med eller utan komp. Tevlinga er delt i senior- og juniorklasse.
  • Gruppespel m/komp.
    Tevling etter modellen for finalespel på Landsfestvialen i Gammaldansmusikk. Gruppa spelar 5 slåttar (evt. 4, dersom tida er knapp) til dans. Gruppa skal ha fele eller durspel som berande instrument. Tevlinga er delt i senior- og juniorklasse.
  • I open klasse:
    Tevling etter modellen for kvalifisering på Landsfestivalen i Gammaldans. I denne klassa kan det spelast både bygde- og gammaldans.
  • Nyskaping:
    Nylaga slått i tradisjonell form, som ikkje har vært framført tidlegare. I denne klassa skal slåtten, ikkje framføringa, vurderast.
  • Andre folkemusikkinstrument:
    Tevling etter vanleg kappleiksmodell. Denne klassa er foreløpig ikkje oppdelt i fleire klasser, bortsett frå junior- og seniorklasse. Oppdeling kan bli aktuelt dersom deltakinga tilseier det.
  • Vokal:
    Tevling etter vanleg kappleiksmodell, oppdelt i junior- og seniorklasse.
  • Dans:
    Tevling etter vanleg kappleiksmodell. I Trøndelag tillet vi båe bygdedansar og runddansar.
4 – Premiering:
  Kvar tevlingsgrein blir dømt av ei domsnemnd på 3 medlemmer. Premielistene blir sett opp med poeng.
  Deltakarar under 18 år skal ha skriftleg vurdering av prestasjonane sine.
  Alle klassevinnarar skal ha premie. Alle deltakarar i klasse C og rekrutt skal ha deltakarpremie.
5 – Utøvarane:
  Utøvarane godtek såvel desse føresegnene, vilkåra for døming, samt dommarane sin dom når dei deltek på kappleik. Det er ikkje krav om at utøvarane må vere medlemmer i FolkOrg eller Trøndelag Folkemusikklag for å delta på Trøndelagskappleiken.
  Deltakarane pliktar å melde seg på og betale deltakaravgifta til tevlinga innan fastsett frist. Deltakarar som ikkje melder seg på og betaler i rett tid, må vere førebudde på å betale ei høgare deltakaravgift, eller kunne bli avviste frå tevlinga. Heidersmedlemmer i FolkOrg betaler ikkje deltakaravgift når dei deltek på kappleik. Det same gjelder rekrutt.
6 – Dommarane:
  Det skal stillast strenge krav til utveljinga av dommarar, slik at prestasjonane på kappleiken kan dømmast så sakkunnig som råd. For Trøndelagskappleiken er det styret i Trøndelag Folkemusikklag som peikar ut dommarar.
  Å vere dommar på kappleik er eit tillitsverv, og dommarane har ikkje rett på økonomisk godtgjersle. Reise- og opphaldsutgifter blir dekte etter dei til ei kvar tid gjeldande reglar i FolkOrg.
  Dommarkollegia er suverene i høve til arrangør når det gjeld arbeidsmetode og den tida dei treng til å setje opp resultatlistene.
7 – Gyldigheit av føresegnene:
  Desse føresegnene gjeld som retningsliner for Trøndelagskappleiken. Føresegnene er tilpassa Trøndelagskappleiken ut i frå FolkOrg sine føresegner for kappleik og Landsfestivalen i Gammaldansmusikk.