Føresegner
for Trøndelagskappleiken
Vedtatt av styret i Trøndelag Folkemusikklag 3.juni 1998
Revidert 9. desember 2009
| 1 - Formål: | |||
| Kappleiken er open for dansarar, kvedarar og spellmenn frå Trøndelagsfylka og skal bidra til styrking av folkemusikken og -dansen i Trøndelagsfylka. | |||
| Formålet for tevlinga er | |||
| - å
gjera songen, musikken og dansen betre kjent - å lage ein møtestad for både aktive og passive vener av norsk folkemusikk, -song og -dans - å motivere dei aktive til å betre prestasjonane sine - å styrke dei lokale tradisjonane i Trøndelagsfylka |
|||
| 2 - Klasseinndeling: | |||
| På Trøndelagskappleiken er det til tevlingar i følgjande klasser: | |||
- vokal
folkemusikk: solo Det kan opprettes gjesteklasse i alle klasser etter behov. |
|||
| Deltakarane i dans og spel solo blir delte inn i følgjande klasser: | |||
| • Klasse A: | |||
| For deltakarar som har kvalifisert seg til denne i henhold til LfS. A-klassingar som ikkje har stilt opp på landskappleik i over 5 år, kan velje om dei deltek i klasse A eller B. | |||
| • Klasse C: | |||
| For deltakarar frå og med det året dei fyller 12 år til og med det året dei fyller 18 år. For dansarar i klasse C må minst ein av dansarane høyre til i denne klassa. Det vil si at i klasse C og rekrutt kan deltakarane danse med følge. | |||
| • Klasse D: | |||
| For deltakarar
over 60 år. Deltakarar over 60 år kan velje om dei vil tevle
i klasse D, eller om dei vil delta i den klassa dei tidlegare har delteke
i. I dans klasse D har utøvaren høve til å danse med
fylgje. |
|||
| • Rekruttklasse: | |||
| For deltakarar under 12 år (til og med det året dei fyller 11 år). Desse deltakarane deltek utanom tevlingane, men får ei skriftleg uttale frå dommarane | |||
| • Klasse B: | |||
| Alle andre | |||
| • Lagspel: | |||
| Eit lag må ha minimum 5 spelemenn. Lagspelklassa er delt i junior- og seniorklasse. Leiar av junior- lag kan vere over 18 år. I seniorklassa er det inga aldersgrense. | |||
| • Gruppespel: | |||
| 2-4 utøvarar, med fele eller durspel som einaste instrument, delt i junior- og seniorklasse. | |||
| • Open klasse: | |||
| Minimum 2 personer kan delta. Ingen begrensning på valg av instrument. | |||
| • Dans: | |||
| Paret blir dømt samla. Deltakarar frå klasse A og B som dansar saman, blir dømde i klasse B. Rett til å danse i klasse A gjeld berre den dansen som dansaren har to 1. premiar for i klasse B. Ein dansar har høve til å delta i same klassa opptil 2 gonger, men da med dansar av ulik karakter. Det kan av tidsmessige grunnar bli nødvendig å pålegge dansepar frå same tradisjonsområde å danse samstundes. Einskildpar som vil danse berre ein slått, har høve til det. Det kan og vere aktuelt å pålegge par som dansar åleine å danse berre ein slått. | |||
| • Lagdans: | |||
| Minimum 5 par - maksimum 10 par for seniorlag. Det er inga aldersgrense for lagdans. Juniorlag kan stille med færre enn 5 par. | |||
| 3 - Tevlingsnummer på Trøndelagskappleiken: | |||
| Er dei eldste song-, spel- og danseformene det er tradisjon for i kvart distrikt. | |||
| • I spel, solo og for grupper: | |||
| Tevling etter vanleg kappleiksmodell. Utøvarane deltek med 2 slåttar, og dei skal leggje vinn på å syne rikdom i slåttetilfanget, og bør spela slåttar i ulik taktart eller med ulik karakter. | |||
| • I lagspel: | |||
| Tevling etter modellen
for finalespel på Landsfestivalen i Gammaldans. Laga spelar 5 slåttar
(evt. 4, dersom tida er knapp) til dans. I denne klassa kan det spelast
både bygde- og gammaldansar. Minst 4 (evt. 3) skal vere dansemusikk,
det vil seie at ein av slåttane t.d. kan vere marsj e.l. Laga skal ha fele eller durspel som berande instrument. Laga tevlar i same klasse anten dei spelar med eller utan komp. Tevlinga er delt i senior- og juniorklasse. |
|||
| • I open klasse: | |||
| Tevling etter modellen for kvalifisering på Landsfestivalen i Gammaldans. I denne klassa kan det spelast både bygde- og gammaldans. | |||
| • Nyskaping: | |||
| Ny slått i tradisjonell form. I denne klassa skal slåtten, ikkje framføringa, vurderast. | |||
| • Andre folkemusikkinstrument: | |||
| Tevling etter vanleg kappleiksmodell. Denne klassa er foreløpig ikkje oppdelt i fleire klasser, bortsett frå junior- og seniorklasse. Oppdeling kan bli aktuelt dersom deltakinga tilseier det. | |||
| • Vokal: | |||
| Tevling etter vanleg kappleiksmodell, oppdelt i junior- og seniorklasse. | |||
| • Dans: | |||
| Tevling etter vanleg kappleiksmodell. | |||
| 4 - Premiering: | |||
| Kvar tevlingsgrein blir dømt av ei domsnemnd på 3 medlemmer. Premielistene blir sett opp med poeng. | |||
| Deltakarar under 18 år skal ha skriftleg vurdering av prestasjonane sine. | |||
| Alle klassevinnarar skal ha premie. Alle deltakarar i klasse C og rekrutt skal ha deltakarpremie. | |||
| 5 - Utøvarane: | |||
| Utøvarane godtek såvel desse føresegnene, vilkåra for døming, samt dommarane sin dom når dei deltek på kappleik. Det er ikkje krav om at utøvarane må vere medlemmer i Landslaget for Spelemenn eller Trøndelag Folkemusikklag for å delta på Trøndelagskappleiken. | |||
Deltakarane pliktar å melde seg på og betale deltakaravgifta til tevlinga innan fastsett frist. Deltakarar som ikkje melder seg på og betaler i rett tid, må vere førebudde på å betale ei høgare deltakaravgift, eller kunne bli avviste frå tevlinga. Heidersmedlemmer i Landslaget for Spelemenn betaler ikkje deltakaravgift når dei deltek på kappleik. Det same gjelder rekrutt. |
|||
| 6 - Dommarane: | |||
Det skal stillast strenge krav til utveljinga av dommarar, slik at prestasjonane på kappleiken kan dømmast så sakkunnig som råd. For Trøndelagskappleiken er det styret i Trøndelag Folkemusikklag som peikar ut dommarar. |
|||
Å vere dommar på kappleik er eit tillitsverv, og dommarane har ikkje rett på økonomisk godtgjersle. Reise- og opphaldsutgifter blir dekte etter dei til ei kvar tid gjeldande reglar i LfS. |
|||
| Dommarkollegia er suverene i høve til arrangør når det gjeld arbeidsmetode og den tida dei treng til å setje opp resultatlistene. | |||
| 7 - Gyldigheit av føresegnene: | |||
| Desse føresegnene gjeld som retningsliner for Trøndelagskappleiken. Føresegnene er tilpassa Trøndelagskappleiken ut i frå Landslaget for Spelemenn sine føresegner for kappleik og Landsfestivalen i Gammaldansmusikk. | |||