Kunstutstilling og minnekonsert

Med kunstutstillinga
ARV
og minnekonserten
MED FELEKLANG I REISESKREPPA
markerer arrangøren av Trøndelagskappleiken 2016, starten på ei kulturhelg i Oppdal 5. – 7. februar.

Trøndelagsskappleikane har tradisjonelt gått over ein dag.  Gjerne slik at det for mange av deltakarane og følge, har vore ei ”lang dags ferd mot natt” i buss eller andre skyssbilar.

Noen arrangørar har gjort kappleikhelga til noe meir enn berre ei tevling.  Den eine dagen strekk knapt nok til for dei som er deltakarar og som også vil pleie sosiale kontaktar og ha andre opplevingar.  Der det er mogleg å få det til, er det tilbudt ei eller to overnattingar.  Slik unngår vi at dette blir eit stressande tiltak – og så blir det plass til for eksempel konsertar og anna underhaldning. Det er på denne måten årets arrangør har tenkt når vi inviterer til Trøndelagskappleiken 2016!

Oppdal spell- og dansarlag har gjennom åra hatt fleire konsertar til ære for spellmenn som har vore sentrale for musikken og miljøet i laget. Denne gongen fall valget på spellmannen Asbjørn Blikken (1928-1987).

 Da han vart med i spellmannslaget i 1964, var det ukjent for dei fleste medlemmane,  at vi hadde med ein uvanleg flink spellmann å gjere. Han var fødd i Skjåk, men flytte til Oppdal slik som fleire av søskena før han hadde gjort.  Av i alt åtte søsken, var det heile fem som fekk seg heim og familie her i bygda.

Felespell lærte Asbjørn som ung gut heime i Skjåk. Den framste læremeisteren var ingen ringare enn meisterspellmannen Kristen Vang (1902-1979).  Rikard Skjellkvåle (1890-1976) var og nemnt som inspirator og ei rik kjelde for bygdamusikken i Skjåk. Av faren, Per Blikken (1885-1968), lærte Asbjørn fleire leiker som Per hulla for sonen.

I spellmannslaget fekk Asbjørn straks ei høg stjerne.  Både fordi han spelte så vakkert og fordi han kom med så mange gode leiker som var nye for dei fleste i laget.

I 1964 og – 65 stilte han i klasse B på Distriktskappleikane og fekk 1. premie og 2. plass begge gonger.  Under Landskappleiken i Molde i 1966 spelte han seg opp i A-klassa etter glitrande spell og ein soleklar førsteplass i B-klassa. Etter det vart det tevling i A-klassa nokre få år, før han gav seg med spellinga.  Siste kappleiken var Distrikstkappleiken i 1969 der han toppa A-klassa.

Han vart ikkje nokon kjendis-spellmann.  Til det vart karriera hans sikkert for kort. Det er synd at ikkje fleire fekk oppleve spellmannen Asbjørn Blikken. Vi som fekk gleda av å spelle sammen med han og som fekk høve til å lytte på når han spelte Nordavinden, Bestemor eller ein melovitt,  gløymer det aldri.  Dei klokkeklare trillane og den inderlege tonen han trylla fram på fela, står for oss som gode minner!

Det er å håpe at vi med denne konserten kan gje ein noenlunde rettferdig presentasjon av spellmannen frå Skjåk som i ein kort periode prega spellmannslaget vårt med musikken sin – både i stil og med leikje.  Ja, leikane har laget brukt i all ettertid og noen skal vi få høyre i kveld.

BlikkenBjerkås

Så er vi ualminneleg glade og stolte over at så mange Skjåkværer har vist  interesse for tiltaket. Vi gler oss til å høyre – og sjå! – musikk og dans slik Asbjørn opplevde det i sine gutedagar!

 

 

Asbjørn Blikken tv. og Gunnar Bjerkås (1924-2001). To gode spellmannsvenner. Gunnar har skreve ned mange av slåttane som Asbjørn tok med seg til Oppdal.

 

 

Arv_utstilling

 

 

 

Det er ikkje noko ukjent fenomen at det i noen slekter er sterke kunstnarlege årer.  Så også i familien Blikken.  Dette sette årets kappleikarrangør på tanken om å invitere noen nære slektningar av Asbjørn til å ha ei utstilling sammen.

 

AstridVolden

Astrid Volden f. 1937

Astrid er dotter til Torø f. Blikken og Olav Volden.  Astrid og hennar familie bur på heimgarden Voll`n på Engan i Drivdalen.

Med ein far som spelte trekkspell og cither og ei mor frå Skjåk som ofte gjekk og song eller hulla, fekk Astrid rytme og musikk inn med morsmjølka.  Dette sette preg på livet til Astrid.  Ho har vore kreativ på så mange områder: maling/teikning, skriving og underhaldning med song og gitar, opplesing og deklamering.

Astrid utdanna seg til lærar og eit yrke som ho har lika godt.  I 40 år har ho undervist i skulen. Attåt ordinær lærarutdanning, har ho m.a. eit år  ved formingslærerhøgskolen på Blaker.  Dessutan fleire kurs i teikning , oljemaling og grafikk.

Ho har utarbeidd fleire tekst- og illustrasjonshefter som er nytta i samband med undervisning i grunnskolen.  Ho er godt kjent for diktskriving og dikta har vore å funne i lokalavisa Opdalingen i fleire ti-år.  Saman med søskenbarnet, Einar Blikken, gav ho ut  boka Vandreng ti Oppdalsnatur. Einar har stått for bildene, og Astrid har skreve tekster til.

 

MaryBlikkenGravdal

Mary Blikken Gravdahl f. 1945

Mary er dotter av Oline og Petter Blikken, og er fødd og oppvokse på Toresplassen i Oppdal saman med far og mor og fem søsken.  Som så mange andre flytta ho heimanfrå i ung alder for å få seg ei utdanning. Ho har alltid sysla med teikning og maling, så kunstfagskolen i Oslo var eit mogleg valg.  Likevel vart det sosionomutdanning og med det etter kvart,  eit yrke innan sosialtjenesta i Ringerike kommune. Her fekk ho familie og her har ho budd sidan 1970-talet. Kontakten til Oppdal har ho alltid teke godt vare på og når tida tillet det og når heimlengselen tek overhand, blir det turar til hytta som ho og familien har bygd ved barndomsheimen.

Teikning og maling har opp gjennom åra vore ein kjær hobby. Denne hobbyen har ho utvikla ved å ta fleire kurs, sjølstudier med å lese aktuell litteratur og ved å være aktiv i den lokale malerklubben.  Ho har prøvd ut fleire malemedium og teknikkar og likar å eksperimentere. I dei seinare åra er også fotografering og foto blitt ein viktig del av hennar uttrykksverktøy.  Motiva for alt hennar arbeid, er henta frå naturen.  Det ho ser i naturen, assosierer ho gjerne til menneskelege forhold og menneskets måte å leve på.  Symbolikk er ho veldig oppteken av.

Mary har deltatt i mange kollektivutstillingar, dei fleste i regi av Ringerike malerklubb, kor ho har vore medlem sidan midten 1980-talet. Ho har også hatt seperatutstillingar, den siste i 2014.  Den hadde tittelen ”Himmel over røttene.”

Navnet ”Arv” som er valgt som navn på utstillinga i Oppdal, fortel noko av det samme:

Røter, opphav og overlevering!