![]() |
Trøndelags-kappleiken
2008 i Trondheim |
Spelmannslaget i BUL i
Nidaros og Trøndelag Folkemusikklag har den store glede å invitere
til Trøndelagskappleiken 2008. Trøndelagskappleiken 2008 vert
arrangert på Blussuvoll skule i Trondheim laurdag 2. februar 2008. Skulen
ligg rett ved Tyholt- tårnet.
(Arr. flyttet frå Strinda vgs til Blussuvoll som ligg vegg i vegg).
Trøndelag Folkemusikklag (TF) tok initiativet til Trøndelagskappleiken, og medlemslaga arrangerer den kvart år på omgang. Dette er den 14. Trøndelagskappleiken, så ein kan trygt seie at Trøndelagskappleiken er blitt ein tradisjon. No har turen igjen kome til Spelmannslaget i BUL i Nidaros. Sist vi arrangerte Trøndelagskappleiken var i år 2000, og då var det riktig mange deltakarar. Vi har hatt mange trivelige tevlingar med god oppslutning rundt om i Trøndelag, og vi håpar mange har lyst til å melde seg på i år også.
Det blir ein tradisjonell kappleik, programmet ser slik ut førebels:
| Kl 11:00 | Konkurransar i dans, vokal og spel for solistar, par og grupper |
| Kl 17:00 | Årsmøte i Trøndelag Folkemusikklag |
| Kl 19:00 | ”POLS OG BLUES” Konsert ved Einar Olav Larsen og boogie woogie pianist Daniel Røssing, sjå omtale |
| Kl 20:00 | Lagspell med dans |
| Dans | |
| Kl 24:00 | Premieutdeling |
| Kl 01:00 | Dansen er slutt |
Like viktig som sjølve konkurransen er at folk får treffast, spele saman, danse saman, og ikkje minst prate. Det vil være open kafé under heile arrangementet.
Velkomne til Trøndelagskappleiken 2008!
Ver venleg og bruk dette skjemaet ved påmelding: Påmeldingsskjema 2008
Eitt skjema for kvar start.
KONSERT - "Pols og Blues"
Konsert ved Einar Olav Larsen og boogie woogie pianist Daniel Røssing.
2. februar 2008 kl 19.00 på Blussuvoll skule i Trondheim
(arr. flyttet frå Strinda v.g.s. som ligg vegg i vegg til Blussuvoll)"POLS OG BLUES" konserten er ved Einar Olav Larsen, vel kjend felespelar i folkemusikk- miljøet. Med seg har han Daniel Røssing som er ein av Noregs fremste blues pianistar, sjekk omtale frå Europaturne som pianist for Chuck Berry og som stand-in for rocke- legenden Jerry Lee. På nokre nummer vil Audun Larsen bli med på bass. Konserten vil spenne frå tradisjonell folkemusikk etter Hilmar Aleksandersen og heilt over til blues og rock.
Sjå også nettsidene til BUL i Nidaros: BUL i Nidaros