Vedtekter for Trøndelag Folkemusikklag

Vedtatt på skipingsmøte 18. januar 1986.
Revidert på årsmøtet 2015.

§ 1 Føremål

Trøndelag Folkemusikklag skal arbeide for folkemusikk og dansetradisjonar. Laget skal ta vare på og bruke dei lokale tradisjonane i slåttespel, annan vokal og instrumental folkemusikk og dans.

§ 2 Arbeidsoppgåver

Laget skal:

  • samordne arbeidet for folkemusikk og dansetradisjonar i Trøndelag i samsvar med føremålet.
  • legge tilhøva til rette for arbeidet i lokallaga.
  • hjelpe til å skipe nye lag.
  • drive opplærings- og kursverksemd.
  • drive innsamlings- og arkiveringsarbeid og vidaresending ut til lokallaga.
  • ta vare på laget sine interesser andsynes styremaktene.
  • syte for at det blir skipa til fylkeskappleikar/stemne.
  • koordinere samarbeidet med andre organisasjonar og lag som har tilsvarande føremål.

§ 3 Medlemskap

Laget er knytt til Organisasjon for folkemusikk og folkedans slik lovene for FolkOrg føreset.

Andre lokallag og enkeltpersonar i Trøndelag som er med i FolkOrg kan vera medlemer i laget. Lokallag og enkeltmedlemer betaler medlemspengar til laget i samsvar med årsmøtevedtak.

§ 4 Årsmøte

Årsmøte skal haldast kvart år og før årsmøtet i FolkOrg. Kvart lokallag har rett til å sende 2 utsendingar med røysterett. Direkte innmelde medlemar har ikkje røysterett på årsmøtet, men alle lagsfolk har møte- og talerett. Dessutan har styremedlemene i laget røysterett, så nær som ved behandling av årsmelding og rekneskap. Framlegg til saker som det skal takast avgjerd i på årsmøtet, må vera styret i hende seinast 5 veker før årsmøtet.

Lokallag og enkeltmedlemer skal ha melding om tid for årsmøtet i god tid før denne fristen. Lokallag og enkeltmedlemer skal ha saklista for årsmøtet minst 3 veker før årsmøtet.

Alle saker som ikkje gjeld oppløysing av laget eller lovendring blir avgjorde med vanleg fleirtal. Ved likt røystetal tel røysta til formannen dobbelt.

Årsmøtet skal:

  • velje møteleiar, referent og to til å skrive under møteboka saman med møteleiaren.
  • behandle framlegg frå styret til årsmelding, rekneskap, budsjett og arbeidsprogram for komande år.
  • fastsette medlemspengar til laget frå lokallag og enkeltmedlemer.
  • velje styre med varamedlemer, revisorar, valnemnd og utsendingar som laget har rett til på årsmøtet i FolkOrg.
  • behandle andre saker som er tekne opp av styret, lokallaga eller enkeltmedlemer.

Det skal haldast omframt årsmøte dersom styret vedtek det eller minst ein tredjepart av lokallaga krev det.

§ 5 Styret

Styret er ansvarleg for leiinga av laget og skal gjennomføre dei vedtaka som årsmøtet gjer.

Styret kan ta opp saker som ligg innafor føremålet og arbeidsoppgåvene til laget.

Formannen kallar inn til styremøte. Det skal haldast styremøte dersom minst to av styremedlemene krev det.

Styret er vedtaksført når minst tre av medlemene er til stades og alle har fått varsel minst ei veke føreåt.

Styret kan vedta at tre av styremedlemene skal fungere som arbeidsutval og gi dei fullmakter. Styret kan peike ut nemnder til å ta seg av særskilde oppgåver.

§ 6 Val

Laget skal ha eit styre på fem medlemer og tre varamedlemer.

Årsmøtet vel formannen først for eitt år og deretter styremedlemene for to år slik at to er på val kvart år.

Årsmøtet vel også tre varamedlemer til styret og to revisorar for eitt år.

Årsmøtet velger en rullerende valgkomité på 3 medlemmer. Medlemmene velges for 3 år. Medlem nr 1 er leder og går ut av valgkomitéen etter året som leder. Nytt medlem nr. 3 velges hvert år.

Styret vel seg imellom nestformann, skrivar og kasserar.

§ 7 Lovendring

Denne lova kan berre endrast av eit vanleg årsmøte med minst 2/3 fleirtal.

§ 8 Oppløysing

Laget kan berre løysast opp av eit vanleg årsmøte med minst 3/4 fleirtal.

Blir laget oppløyst og arbeidet ikkje innan 10 år blir teke opp på same grunnlag, kan styret i FolkOrg disponere eiga til laget i fylka til føremål som laget har arbeidd for.

§ 9 Tolking

Dersom det blir usemje om tolkinga av denne lova, skal saka avgjerast av styret for FolkOrg med bindande verknad.